Gursken Oppvekstsenter, Sande kommune

"Det var enkelt, konkret og tydeleg. Det var gode og klare beskjedar til vaksne om eit svært viktig tema.

Skal barn få vere barn, må vaksne vere vaksne! Heile tida!

Vaksne må skape gode vanar for den gode samtalen. Gjennom samtalen finn vi motivasjonsfaktorar til barnet. Det er ikkje vits å lage avtalar med barnet der kun foreldra er motivert. Og avtalene må vere slik at begge yter litt.

Ikkje la meg få dårlege vaner. Eg har berre deg å stole på.

Oddvar Bjørnestad er ein inspirerande førelesar. Og han har ei gåve når det gjeld å fengje publikum. Tilhøyrarane sitt kroppsspråk viste tydeleg at dei var med i tankebanene til føreleser frå fyrste til siste sekund. Her var det lagt til rette for god læring gjennom venlege møte mellom menneske. Det er eit godt minne, som eg tek med meg på vegen vidare." 

Venleg helsing

Ruth Hatlebrekke Rekdal,

Gursken oppvekstsenter, einingsleiar

Del denne siden med andre!

Share on Facebook