Referanser fra Os kommune:


"Os kommune er ein kommune i stadig endring og omstillingar pregar måten vi arbeider på. Rådmannen si årlege leiarsamling vart i 2015 arrangert 5. og 6. mai og vi hadde merksemd mot korleis vi kan heve kvaliteten i tenestene våre. Korleis den enkelte står fram som leiar og utviklar seg sjølv som leiar stod sentralt i samlinga.

Vi hadde fått Oddvar Bjørnestad til å innleie første dagen av leiarsamlinga med foredraget Motivasjon, mestring og arbeidsglede.

Frå første minutt i foredraget sitt fekk han med seg heile forsamlinga på sine refleksjonar omkring leiarrolla. Kunnskapen og engasjementet til Oddvar smitta over på leiarane i Os kommune, og han formidla på ein tydeleg måte sine tankar omkring leiarrolla og kva kvar og ein kan gjere for å utvikle seg sjølv som leiar. Vi fekk ein flott første dag på leiarsamlinga og tankane til Oddvar følgde oss vidare gjennom dei to dagane vi var samla.

Tilbakemeldingane i ettertid frå leiarane i Os kommune har vore positive. Oddvar har ei svært god evne til å dele den kunnskapen han har omkring leiing, samhandling og motivasjon. Døma han hadde med seg var relevante for leiarane i Os kommune. Vi kjende oss igjen i det han formidla til oss!

Eit foredrag med Oddvar Bjørnestad kan anbefalast på det sterkaste!"


Paul J. Manger, assisterande rådmann i Os kommune


"Takkar Oddvar for bidraget på samlinga vår. Dette gjekk rett inn i vår utvikling av leiarrolla i Os i samsvar med verdigrunnlaget vårt i «Os Inspirerer:

«Vi vil skape resultat, vi lyttar med respekt, vi meiner entusiasme inspirerer og vi gjer det vi seier.»

Kan elles underteikne på alt Paul Manger har sagt i svar til Dykk."

Mvh Knut Terje Rekve, rådmann i Os kommune


”Jeg har vært på utallige forelesninger og Oddvars forelesning er en av de virkelige gode jeg har deltatt på.

Oddvar hadde meget godt engasjement, humor og det fikk meg til å reflektere på en ny måte.

I ettertid har jeg virkelig prøvd å se mine medarbeidere på en ny måte, da jeg har fått mer kunnskap om ulike mennesketyper.

Det var interessant å høre hans teorier om motivasjon, mestring og selvtillit og hvordan det ene fører til/påvirker det andre og ikke minst den forsterkede effekt.

Oddvar er en inspirerende foreleser. Topp forelesning, en av de beste.”

Mvh Line Marie Aarbakke, rektor ved Søfteland Skule, Os kommune


Del denne siden med andre!

Share on Facebook